tilbake til hovudsida

 

FORPROSJEKT TIL NIRVANA

NIRVANA

Bakgrunn:

Nordhordlandsbiblioteka har eit etablert samarbeid, ved bruk av breiband ønskjer vi å vidareføre og utvikle dette. Sidan prosjektet "Fagspesialisering og felles ressursutnytting. Oppbygging av eit fast organisert biblioteksamarbeid mellom 7 kommunar i Nordhordland" (Nordhordlandsprosjektet) 1990-92 vart avslutta har biblioteka hatt eit samarbeid regulert i ein avtale. Samarbeidet har og ført til nye prosjekt t.d. NELL – Nettverk for livslang læring og "Ei rullande skattkiste". To av biblioteka i regionen (Austrheim og Lindås) er med i PIVS-prosjektet (pedagogikk i verkstader for sjølvstudium), desse tar sikte på å etablere studieverkstad på biblioteka. Regionrådet for Nordhordland og Gulen har motteke prosjektmidlar frå Kommunal- og Regional departementet til etablering av "Høyhastighetsnett i Nordhordland og Gulen". I søknaden er biblioteka nemnde som mogelege knutepunkt for tenester som er knytta til bruken av breiband, t.d. videokonferansar. Biblioteka i Nordhordland ser for seg at tilgang til breiband vil kunne gje brukarane raskare leveransar av informasjon med omsyn til den vanlege drifta, men og bidra til at samarbeidet mellom biblioteka i regionen kan utnyttast betre og tilførast nye sider som med inneverande teknologi ikkje er mogeleg.

Bakgrunnen er vidare at Hordaland fylkesbibliotek har fått midlar frå Statens bibliotektilsyn til å gje breibandstilknytting til alle hovedbibliotek i Hordaland.

Avgrensing av midlar/prosjekt:

Nordhordlandsbiblioteka søkte totalt om kr.836.000 og fekk kr.500.000 dette fører til at prosjektet må reduserast tilsvarande og at vi difor berre vil prøve ut punkta som i hovudsak er knytt opp til stordrift, kompetanseheving innanfor spesialområda og bruk av videokonferanseutstyr.

Mål for forprosjektet:

  1. Gjere eit utval av tiltak som skal prøvast ut
  2. Konkretisering av dei einskilde tiltaka
  3. Finne informasjon om breiband/videokonferanseutstyr

 

Utval av tiltak som skal prøvast ut:

Arbeidsgruppa har samla seg om følgjande punkt:

Administrasjon, kompetanseoppbygging, samlingsutvikling, kompetanseheving og bruk av felles kompetanse. Vi tek sikte på at det vert kjøpt inn videokonferanseutstyr slik at biblioteka lærer seg bruken av dette og at det etterkvart kan verte eit tilbod til innbyggjarane i kommunane.

Konkretisering av dei einskilde tiltaka:

Administrasjon:

Kompetanseoppbygging:

Kompetansekartlegging- kva kan dei tilsette i Nordhordland, kva treng dei kunne (teknisk, faglig, bibliotekfagleg?), kan kunnskapen nyttast i fleire kommunar?

Kursing via breidband med videoopplæring frå andre delar av landet t.d. Oslo:

Deltaking på kurs, seminar, utdanning i regi av andre for betre fagkunnskap, bibliotekkunnskap, anna kunnskap

Kollegarettleiing

Viktig å sjå på alle under eitt, kva kan vi og kva bør vi kunne.

Samlingsutvikling:

Bokval 1 time kvar 14. dag som videokonferanse eller telefonmøte:

Kvar kommune presenterer for dei andre kva for media dei vil kjøpe inn, saman vurderer ein om fleire kommunar treng dette, vi må også vurdere om noko må finnast i regionen, sjølv om ingen har foreslått innkjøp.

Kvar kommune får eit særskild ansvar for å følgje ekstra opp nokre område før bokval i tillegg til sitt spesialområde t.d.

1.omsett skjønlitteratur Lindås

2.oppslagsverk, litteraturvitskap, realfag Austrheim

3. biologi, landbruk og bibliotekfag Masfjorden

4.religion og filosofi, industri Radøy

5. geografi, historie, reiser, språk og språkvitskap Osterøy

6.samfunnsfag, periodika og generelle skrifter Meland

7. kunst og kultur Fedje

Overvaking og orientering til andre.

Bokval hos Ark/Beyer kvar fyrste fredag i månaden etter lunsj for dei som kan.

Kommunane med ansvar for eit spesialområde bør ha det for heile regionen og hjelpe dei andre med innkjøp.

Drift:

Idéutveksling om arrangement for kvart semester så ein eventuelt kan nytte dei same tilboda.

Felles kampanjar

Felles arrangement

Felles uttale på høyringar med meir.

Bør ein utvikle felles mobil bibliotekteneste for heile eller delar av regionen?

Samordning av opningstider, dette kan gjerast t.d. mellom Lindås og Meland eller i høve det ligg til rette for ei slik samordning

Samordning av heimesider med ein ansvarleg for at dei andre oppdaterer sine sider.

Heimesidene legg særleg vekt på spesialområda særleg med tanke på gode lenker

Brukarmedverknad – prøvast ut blant b & u i nokre bibliotek

Drift av videokonferanseutstyr

 

Vidare utvikling av spesialområde.

Biblioteka i Nordhordland har dei siste 10 åra hatt til oppgåve å byggja opp særkompetanse, auka fagprofesjonalitet og spesialsamlingar innafor kvar sine område:

AUSTRHEIM: Miljøvern med vektlegging på oljelitteratur

FEDJE: Videotilbod og oppbygging av filmlitteratursamling

LINDÅS: Musikkbibliotektilbod

MASFJORDEN: Skulebiblioteksamarbeid

MELAND: Barnebibliotekarbeid

OSTERØY: Lokalhistorie

RADØY: EDB

Hovudtanken har vore at kvart bibliotek skulle ha ansvar for sitt faglege arbeidsområde som skulle komme heile regionen til gode. Spesialsamlingar innafor emnet skulle byggjast opp og registrerast i ein felles database. Etterkvart som personalet ved hjelp av kurs, fordjuping i og praktisk arbeid med emnet opparbeidde seg ekspertise på sitt område skulle kommunane kunne nyte godt av kvarandre sine kunnskapar både i form av rettleiing og praktisk hjelp. Interkommunale tiltak som sirkulasjonsordningar og utstillingar skulle inngå i oppgåvene. Ved bruk av fagekspertise kunne kvar kommune utveksle to dagar pr. år med kvar av dei andre kommunane. Dersom det var trong for meir hjelp kunne dei aktuelle kommunane avtale kjøp/bytte med kvarandre.

VURDERING AV SAMARBEIDET

I dag har alle kommunane bygd opp samlingar innafor sine felt. Det er laga ein samkatalog ikkje berre over spesialsamlingane, men over heile mediebestanden i regionen. Samkatalogen og det interkommunale lånesamarbeidet har fungert godt, og brukarane har fått eit betre tilbod enn tidlegare.

Graden av spesialisering innafor dei ulike felta har variert frå "sjølvstudium" til gjennomføring av vekttalskurs. Kommunane har lagt ned ulikt med tid i spesialiseringa og arbeidet med fagfelta. Bruken av fagekspertise kommunane imellom har berre fungert sporadisk, og i mykje mindre grad enn planlagt. Ein av grunnane kan vere at det ikkje har vore trekt opp klare ansvarsgrenser for dei ulike fagområda utover oppbygginga av spesialsamlingar. Tilbodet om "ekstrakompetanse" frå dei andre, har vore eit tillegg til den ordinære drifta i kvar av kommunane, men kvar kommune har hatt det samla og overordna ansvaret for eiga tilbod og utvikling. Dermed har ein ikkje oppnådd "stordrifsfordel" i så stor grad som planlagt.

NIRVANA-prosjektet må spesielt gripe fatt i denne problemstillinga med sikte på å betre funksjonaliteten i samarbeidet.

REGIONSBIBLIOTEK?
Tanken om å slå saman biblioteka i Nordhordland under ein administrasjon har vore diskutert i Nordhordlandsbiblioteka. Den viktigaste hindringa i dag er kommuneøkonomien. Eit funksjonsdyktig regionsbibliotek vil krevje eit stort økonomisk løft på biblioteksområdet, elles sit vi att med den gamaldagse hovudbibliotek/filialmodellen, der dei ulike einingane, og dermed brukarane, vil kome svekkja ut . Nordhordlandsbiblioteka er i dei seinare åra blitt meir synlege i den kommunale kvardagen. I fleire kommunar er biblioteka blitt sjølvstyrte einingar. Så lenge det er fleire kommunar i regionen bør vi ikkje velja bort dette høve til synleggjering og deltaking i den kommunale kvardagen. På den andre sida må vi planleggje for framtida. Vi veit at kommunesamanslåing er eit aktuelt tema her som andre plasser. Vi må arbeide fram sterke kompetanseeiningar som kan fungere godt i dag og halde fram med å fungere i ein eller to storkommunar. Ved å vri på ein gamal frase kan ein seie at biblioteka skal tenkje regionalt og handle lokalt. Dette vil skape eit handlekraftig og levande bibliotekmiljø i heile regionen og gjere oss budd på å møte nye kommunekonstellasjonar.

ARBEIDSMÅL I NIRVANA-PROSJEKTET.

 

 

NYE EMNEOMRÅDE

Val av emneområde vart i si tid gjort utifrå ei vurdering av kva for felt biblioteka i dei ulike kommunane hadde best føresetnader for å utvikle. Det vart og teke omsyn til kommunale planer og satsingsområde. Etterkvart har føresetnader endra seg, og andre omsyn, mellom anna utviklinga innafor biblioteksektoren har ført til at biblioteka no har starta arbeidet med å vurdere emnefelta på nytt. Arbeidet må sluttførast i NIRVANA-prosjektet.

 

Miljøvernsamlinga til AUSTRHEIM var til dømes lite i bruk av dei andre biblioteka. Dei fleste biblioteka hadde bra dekning på området sjølve, og ønskte heller at biblioteket skulle følgje ekstra opp vaksne under utdanning, med spesiell vekt på frå vidaregåande skules nivå. Etter at biblioteka i Nordhordland tok del i NELL-prosjektet har pågangen frå vaksne under utdanning auka, og det har vore trong for meir kompetanse på området. I to av kommunane, Austrheim og Lindås, har personalet vidareutdanna seg innafor vaksenpedagogikk. Dei vidaregåande skulane i regionen ligg i desse to kommunane, og det er naturleg at dei og får eit særskilt ansvar for å ivareta kompetansen på feltet. Austrheim har starta arbeidet med ein interkommunal nettside, og Lindås har teke del i rettleiingsarbeid i samarbeid med andre vaksenopplæringsinstansar i kommunen. Vi skal i prosjektet utarbeide retningsliner for innkjøp og fjernlån av studielitteratur.

FEDJE har bygd opp ein film- og sirkulasjonssamling for video. Då videosamarbeidet starta var prisen for ein film i gjennomsnitt to gangar så høg som prisen for ein bok. I dag er gjennomsnittsprisen for filmar redusert til halvparten av ein bok. Samstundes har portoprisane auka monaleg, og kostnadene ved ein sirkulasjonssamling står ikkje i høve til gevinsten. NIRVANA-prosjektet bør derfor vurdere eit nytt ansvarsfelt for Fedje. Det kan t.d. vere interessant å få eit fellesfelt på området hobby/høgtid. For folkebiblioteka er dette eit etterspurd område, med mange årlege utgjevingar frå forlaga. Eit anna aktuelt område for alle kommunane er kystkultur, dette vil vere eit område for overvaking.

LINDÅS er godt i gang med oppbygginga av ei musikksamling, musikklitteratur og noter. Lindås ønskjer å slutte med sirkulasjon av musikksamlinga, men dei vil vurdere om biblioteka kan be om depot etter behov. I tillegg vil kommunen få ansvar for å utvikle tenester i samband med livslang læring i lag med Austrheim.

MASFJORDEN har bygd opp ei samling av pedagogisk litteratur for bruk i barnehagar og grunnskule. Kommunen har hatt ansvaret for skulebibliotekområdet. Klassesettsamlingane både til skule- og folkebiblioteka i regionen er registrert i felles database, og har vore mykje nytta tidlegare. Bruken har blitt redusert dei seinare åra, kan hende grunna nye arbeidsformer i skulen. Pedagogikksamlinga som er bygd opp i samarbeidsperioden er stadig aktuell og bør haldast ved like.
Nordhordlandsbiblioteka har lagt ned mykje arbeid i utviklinga av felles katalog. Ein rett og konsekvent nynorsk språkform har vore eit prioritert arbeidsfelt den siste tida. Vi ønskjer å styrkje arbeidet ved å tilleggja eit av biblioteka "overoppsyn" med språkbruken i katalogen. Funksjonen kan leggjast til Masfjorden. Det same gjeld innkjøp av bibliotekfagleg materiale. For sistnemnde kan ein vurdere sirkulasjonsordning.

I starten av Nordhordlandsprosjektet vart barnebibliotekarbeid lagt til MELAND. Barnebibliotekarbeid er eit prioritert område i alle kommunane, og feltet synte seg snart å vere for stort. Etterkvart vart det avgrensa til å gjelde spesiallitteratur for barn, og ei samling med tilrettelagt barnelitteratur er bygd opp. I framhaldet av samarbeidet kan det vere naturleg å inkludere lydbøker og CD-ROM for barn i Meland sitt arbeidsfelt.

OSTERØY har bygd opp spesialsamling for lokalhistorie i regionen. Kommunen tok sjølv initiativet til å utvide feltet, då ein hadde nådd eit punkt der det var lite nytt av "gamalt" materiale å få tak i. Kommunen held lokalsamlinga ved like, men har no fått tilført språkkurs som spesialområde.

RADØY har EDB som spesialfelt. Med innføring av ALEPH er arbeidsmengda til biblioteket redusert monaleg. EDB-samlinga er nyttig for regionen, då det er snakk om dyre bøker med kort aktualitet. Kommunen skal vere bindeledd mellom regionen og ALEPH sentralt og bør ta del i det faglege utviklingsarbeidet gjennom deltaking i den nasjonale brukargruppa. Kommunen bør ha eit spesielt ansvar for innkjøp og vurdering av opplæringsprogram innafor feltet. Ansvar for å følgje opp brukargrensesnittet og NOU-ar

Teknologien i prosjektet:

Prosjektet til biblioteka i Nordhordland er avhenging av den kommunale, regionale og fylkeskommunale satsinga, når utbygginga/oppkoplinga kan gjennomførast og kva for leverandørar som vert valde. Dette er tilhøve som det ser ut til at vi har liten innverknad på, men det er likevel viktig å følgje med i kva som skjer med desse prosjekta.

SING – Samarbeidsprosjektet i Nordhordland og Gulen er i ein viss grad rådgjevar i høve til kommunane, men det er den einskilde kommunen som avgjer kva for løysing dei ønskjer. Problemet for biblioteka er at dei må ha system som "snakkar saman", det er difor viktig at kommunane velgjer same løysing eller ei løysing som ikkje krev dyre mellomledd for å kunne kommunisere. På konferansen i april høyrde vi at linjene låg klare, men avgjerda om tilkopling og kven som skal vere leverandør er ikkje gjort pr. i dag.

Arbeidsgruppa har vore på møte med Bravida for å sjå på videokonferanseutstyr, vi vart presentert for eit system kor ein kan ha fleirpartskonferanse. Ein "hovudhjerne" vender seg til mindre maskiner slik at ein gjennom såkalla kaskadering kan ha felles møter med mange deltakarar.

Bravida sin representant Svein Sørfonn sa og at det var ein føremon at det var eit rom til videokonferanser, men det treng ikkje vere stort. Det bør undersøkjast i den einskilde kommune (lokasjon) kva som er behovet.

Utstyret som vart presentert kan brukast både på IP og breiband.

Prisen for ein hovudmaskin var stipulert til ca kr.249.000.- (Tandberg 6000).

I sommar har Hordaland fylkesbibliotek fått eit tilbud frå eterra om å kjøpe 15 Tandberg 1000, dette er mindre maskiner som er berekna til å brukast i kontor eller små møterom.

Prisen er 35.216 + moms. og tilbodet varer fram til 26. august 2002. Det må undersøkjast nærare om dette systemet kan brukast til Nordhordlandsbiblioteka sitt føremål.

Det er naudsynt å få videokonferanseutstyr på plass, dette vil gje biblioteka eit heilt nytt tilbod og det vil gjere møteverksemda meir effektiv. For å kunne gjennomføre dei meir praktisk/ideologiske tiltaka er dette eit viktig verkemiddel.

 

 

Frekhaug/ Knarvik/Lonevåg 24.04.2003

Bente BK Marit Gro Bente D.